Fylkesveg 55

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fylkesveg 55 (fleirtyding).
Fylkesveg 55
55
Strekning
HøyangerDragsvik
SogndalLom
Fylkesveg 55
Informasjon
Lengd 248,1 km
Status
Fylke
fylkesveg
nasjonal turistveg
Innlandet
Vestland
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 55 Fylkesveg 55 Fylkesveg 55 Fylkesveg 55 613
Restriksjonar
Vinterstenging Sognefjellet
(november - mai)
Nattestenging Sognefjellet
(vinter)

Fylkesveg 55 (Fv55) går mellom Vadheim i Høyanger og Dragsvik i Sogndal og mellom Stedje i Sogndal og Lom. Strekninga mellom Lom og Gaupne er nasjonal turistveg Sognefjellet. Veglengda er 248,1 km, av dette 52,6 km i Innlandet og 195,5 km i Vestland.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg. Etter at forvaltingsreforma trødde i kraft fekk han status som fylkesveg, bortsett frå stamvegstrekninga mellom Stedje og Hella ferjekai. Denne strekninga heldt fram som Riksveg 55 til 2019, då han vart del av Riksveg 13.[1]

Over Sognefjellet passerer i gjennomsnitt 600 køyretøy i døgnet dei månadane vegen er open. I juli er trafikken oppe i 1100 og i september nede i 300 køyretøy i døgnet.[2]

  1. «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022. 
  2. Statens vegvesen trafikktelling, tall for 2011 http://www.vegvesen.no/Fag/Trafikk/Trafikkdata/Trafikkregistreringer Arkivert 2015-04-30 ved Wayback Machine.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne