Fylkesveg 60

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fylkesveg 60 (fleirtyding).
Fylkesveg 60
60
Strekning
Blindheim i Ålesund – Byrkjelo i Gloppen
Fylkesveg 60
Informasjon
Lengd 160,7 km
Status fylkesveg
Ferjestrekningar 1
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 60 Fylkesveg 60
650 via ferje

Fylkesveg 60 (Fv60) går mellom Blindheim i Ålesund og Byrkjelo i Gloppen. Vegen er ein viktig alternativ veg til E39 mellom Ålesund og Byrkjelo (og vidare med E39 til Bergen). Fv 60 har berre ei ferje medan E39 har to. Veglengda (bortsett frå ferjestrekninga og felles trasé med riksveg 15) er 160,7 km, av dette 82,3 km i Møre og Romsdal og 78,4 km i Vestland. Vegen har ei ferjestrekning (Magerholm-Ørsneset) og dessutan tilknyting til 650 via ferje Stranda-Liabygda. I sommarhalvåret er det tilknyting til 63 med turistferje på Geirangerfjorden.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trødde i kraft har han status som fylkesveg.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne