Fysisk lag

Det fysiske laget er den fysiske koplinga mellom einingane i datanettverket. Laget har som oppgåve å senda og motta databit over det fysiske sambandet.

Det fysiske laget set dei mekaniske og elektriske grensene for å oppretta og vedlikehalda det fysiske sambandet. Standardane på dette laget definerer for det meste kabling, pluggar og kontaktar.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne