République Gabonaise
(norsk: Gabon, gabonsk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «La Concorde» | ||||||
Motto | Union, Travail, Justice | ||||||
Offisielle språk | Fransk | ||||||
Hovudstad | Libreville | ||||||
Styresett |
Republikk under militærstyre Brice Oligui Raymond Ndong Sima | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
267 667 km² (76.) 0 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
1 772 255 (150.) 6,6 /km² (186.) | ||||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Frankrike 17. august 1960 | ||||||
Nasjonaldag | 17. august | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
34 410 mill. USD (118.) 22 400 USD (62.) | ||||||
Valuta | CFA-franc | ||||||
Tidssone | UTC +1 | ||||||
Telefonkode | +241 | ||||||
Toppnivådomene | .ga
|
Gabon, offisielt Republikken Gabon, er ein republikk ved ekvator i vestre Sentral-Afrika. Landet grensar til Kamerun, Republikken Kongo, Ekvatorial-Guinea og Atlanterhavet. Hovudstaden er Libreville. Namnet på landet er ei fransk avleiing av Rio de Gabão, eit namn portugisiske utforskarar gav til Gabonelva fordi forma hennar minna om ei kappe med hette, portugisisk gabão.[1]
Frå sjølvstendet i 1960 og fram til 1990-talet var Gabon styrt av eineveldige presidentar. Omar Bongo Ondimba hadde makta frå 1967 til han døydde i 2009. I 1991 blei ein ny konstitusjon teken i bruk, der ulike parti blei tillatne og meir demokratiske val kunne haldast. Bongo heldt likevel fram som president, og han blei etterfølgd av sonen Ali Bongo Ondimba. Denne blei avsett gjennom eit militærkupp i 2023. Gabon er eit av dei meir utvikla landa i Afrika, takka vere ei lita folkemengd, rike naturtilgangar og støtte frå utlandet.