Galilea | |||
region | |||
Ein frukthage i Øvre Galilea
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Israels land | ||
![]() Galilea 32°45′36″N 35°31′37″E / 32.76°N 35.527°E | |||
Wikimedia Commons: Galilee |
Galilea (hebraisk הגליל, HaGalil; arabisk الجليل, al-Jalīl) er eit stort område nord i Israel i Nord- og Haifa distrikt. Tradisjonelt er det delt inn i Øvre Galilea (hebraisk גליל עליון Galil Elyon), Nedre Galilea (hebraisk גליל תחתון, Galil Tahton) og Vest-Galilea (hebraisk גליל מערבי, Galil Ma'aravi), og strekkjer seg frå Dan i nord, ved foten av Hermon, langs Libanonfjella til Karmelberget og Gilboafjellet nord for Jenin og Tulkarm i sør, og frå Jordandalen i aust og over slettene i Jezreeldalen og Akko til kysten av Middelhavet og Den israelske kystsletta i vest.