Republic of The Gambia
(norsk: Gambia, gambisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «For The Gambia, Our Homeland» | ||||||
Motto | Progress, Peace, Prosperity ('Framsteg, fred og oppgongstider') | ||||||
![]() | |||||||
Offisielle språk | Engelsk, mandinka, wolof, fula | ||||||
Hovudstad | Banjul | ||||||
Styresett |
Presidentialisme Adama Barrow | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
11 295 km² (161.) 11,5 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
2 051 363 (146.) 181,6 /km² | ||||||
Sjølvstende Frå Storbritannia |
18. februar 1965 | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
3 269 mill. USD (169.) 1 800 USD (179.) | ||||||
Valuta | Dalasi
| ||||||
Toppnivådomene | .gm
|
Gambia (engelsk The Gambia) er ein republikk i Vest-Afrika,[1] og det minste landet på det afrikanske kontinentet.[2]
Gambia er eit helst lite og smalt land som ligg langs Gambiaelva. Det er nesten totalt omringa av Senegal, men har ei kystline mot Atlanterhavet på 48 kilometer. Flatevidda er 10 689 km² og folketalet er 1 857 181 etter folketeljinga frå 2013. Banjul er hovudstaden i Gambia og det største byområdet.[3] Dei største byane er Serekunda og Brikama.[4]