Gamer.no | |||
![]() | |||
Type nettstad | nettsted for videospillnyheter, avis | ||
---|---|---|---|
Tilgjengeleg på | norsk | ||
Grunnlagd | april 2001 | ||
Eigar | Good Game | ||
Nettstad | www |
Gamer.no er ein norsk nettstad for dataspel. Nettstaden vart lansert i april 2001 av Tor-Steinar Nastad Tangedal som no er redaktør. Gamer.no lagar journalistikk både på bokmål og nynorsk og tilbyr mellom anna omtalar, sniktittar, artiklar, intervju og nyhende. I tillegg har nettstaden eit diskusjonsforum, ein handleguide, spelevideoar og oversyn over utgjevingsdatoar til kommande dataspel. Gamer.no er eigd av Teknisk Ukeblad Media.
Gamer.no vart kåra til årets spelemedium av Gullstikka i 2009[1] og 2010.[2]