Gammalpersisk | ||
Klassifisering: | Indoeuropeisk Indoiransk Iransk Vestiransk Gammelpersisk | |
Bruk | ||
Var tala i: | Persarriket | |
Utdøydd: | Utvikla seg til mellompersisk | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3: | ope |
Gammelpersisk er eit utdøydd språk som blei tala i dagens Iran frå ca. 600 f.Kr. til ca. 300 f.Kr. Ved sida av avestisk er gammalpersisk det eldste iranske språket ein kjenner. Det er klassifisert i gruppa vestiranske språk, som er ei undergruppe av indoiranske språk. Dette igjen er ei undergruppe av indoeuropeiske språk.
Gammalpersisk gav opphav til mellompersisk, som igjen utvikla seg til moderne persisk.