Gangesdeltaet

Gangesdeltaet
elvedelta
Satellittbilete av Gangesdeltaet. Den breie elva til venstre er Hugli. (Kjelde: NASA)
Land  Bangladesh,  India
Kart
Gangesdeltaet
22°42′00″N 89°40′00″E / 22.7°N 89.666666666667°E / 22.7; 89.666666666667
Wikimedia Commons: Ganges Delta
Krokodille på mudderflate i Sundarbans i Gangesdeltaet.
Foto: Peter Andersen

Gangesdeltaet er verdas største elvedelta. Det ligg ved Bengalbukta i Bangladesh og India ved munningen av fleire elvar, ei av dei Ganga (Ganges), som har gjeve namn til deltaet. Området er svært fruktbart, og brødfør fleire hundre millionar menneske. Det er også flatt og lågtliggande, og dermed utsett for naturtrugsmål som flaum og havstiging.

Deltaet er om lag 350 km breitt der det renn ut i Indiahavet via Bengalbukta. Flatevidda varierer i ulike kjelder, frå 60 000 km² til 130 000 km².[1] Dei tre elvane som møtest i deltaet er nedre Ganga, som heiter Padma eller Pôdda i Bangladesh, nedre Brahmaputra (Djamuna eller Djomuna), og Meghna. Utløpet av Hugli, ei sideelv til Ganga, blir gjerne rekna som den austre enden av deltaet. Ved denne elva ligg dei indiske hamnebyane Kolkata og Haldia. Aust for Gangesdeltaet ligg Chittagong, ein annan viktig hamneby til Indiahavet, medan hamna Mongla ligg midt i.

  1. 60 000 km² i Encyclopaedia Britannica, som berre reknar med slamavsetjingane i sjøen; 75 000 i Bowden (2003); 130 000 i David Cumming: Ganges River (India and Bangladesh) (Gareth Stevens, 2003)

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne