Gapstrekar, fantestrekar eller peik er nemningar brukte om handlingar som er meinte å irritera, plaga eller dumma ut nokon og samstundes underhalda dei som står bak. Som regel viser omgrepet til ugagn gjort av born eller ungdom. Nokre velkjende strekar er ringa på ei dørklokke for deretter å gøyma seg, ha tannkrem i fjeset på nokon som søv eller lima fast ei mynt eller festa ei lommebok i ei snor ein kan dra i og sjå på at folk prøver å plukka dei opp utan å lukkast.
Gapstrekar er ei form for leik og kan vera svært fantasifulle, men dei har som regel i det minste eit drag av vondskap i seg. Det kan difor vera vanskeleg å skilja mellom ei spøkefull handling og sadisme. Godt planlagde og utførte peik kan vekka latter både hjå utøvarar og offer, medan andre strekar kan setja folk i fare eller vera del av ei øydeleggjande mobbing.
Gapstrekar speler gjerne på å lura eller dumma ut den dei er retta mot. Denne typen humor kan òg ha absurde trekk ved at ein skaper ein uventa situasjon, som å plassera møbel utandørs, køyretøy innandørs, dekorera statuar, eller dekka eller fylla noko med store mengder aluminiumsfolie, dopapir, ballongar eller liknande.