Garasjerock | |||
Stilmessig opphav | Tidleg rock and roll, rockabilly, beat, R&B, soul, blues, surferock, fratrock, instrumentalrock | ||
---|---|---|---|
Kulturelt opphav | slutten av 1950-åra i USA tidleg i 1960-åra i Canada | ||
Typiske instrument | Elektrisk gitar - bass - trommer - tangentinstrument - tamburin - munnspel | ||
Avleidde former | Punkrock - garasjerock revival - powerpop - glamrock - indierock - tyggegummipop - psykedelisk rock - protopunk - hardrock - krautrock - Wong shadow - punkblues - psychobilly - enkelte boyband har element av garasjerock på 2000-talet. | ||
Undersjangrar | |||
Acidpunk - garagepunk |
Garasjerock er ein upolert form for rock and roll som først var populær i USA og Canada frå om lag 1963 til 1967.[1] I 1960-åra vart han ikkje rekna som ein eigen musikksjanger og hadde ikkje eit eige namn. Tidleg i 1970-åra starta enkelte rockekritikarar å kalle det punkrock. Seinare vart musikkstilen kalla garasjerock eller '60s Punk for å unngå forveksling med punkrockband seint i 1970-åra som The Ramones, Sex Pistols og The Clash.