Gateartist

Gatemusikantar i Seattle under Northwest Folklife Festival.
Foto: Joe Mabel
Framføring av shishimai, tradisjonell japansk dans, på gata i Kyoto.
Foto: Toki-ho

Ein gateartist er ein som opptrer på offentlege plassar for å underhalde folk, i ønske om at dei betalar etterpå. Mange reknar det å opptre på gata for småpengar som det lågaste trinnet på stigen i underhaldningsbransjen, ettersom alle som vil kan prøva seg. Men tradisjonen har gamle røter, og kan mellom anna sporast til antikken.

Ein gateopptreden kan bestå av alt som folk finn underhaldande. Gateartistar kan spele musikk, klovne, blåse ballongar, utføre komikk, danse, sjonglere, gjere akrobatikk, sluke eld, trylle, spele teater, laga gatekunst (teikning, måling osb.), spå, opptre med dikt og tekstar, mime eller ganske enkelt stå som ein levande statue.

Folk opptrer som gateartistar av forskjellige grunnar. Nokon gjer det for å tena pengar, andre for å få merksemd som artist, for å møte folk, for moro skyld, eller for å øva opp talentet sitt framfor eit publikum. Både evner og inntening kan variera, og ein kan både jobba profesjonelt som gateartist heile året, berre på deltid, eller berre innanfor ein sesong.

Mange ser på gateopptreden som eit velkomment avbrekk frå at gatene berre blir brukt til handling, og andre igjen ser det som forstyrring av ro og orden.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne