Religion |
Indoiranske religionar |
parsisme - hinduisme |
djainisme - buddhisme |
sikhisme - bahá’í |
![]() |
Denne artikkelen er del av serien om Parsismen |
Teologi |
Ahura Mazda |
Angra Mainyu |
Spenta Mainyu |
Yazataene |
Amesja Spentaene |
Skrifter |
Avesta - Khorda Avesta |
Sentrale personar |
Zarathushtra |
Mardanfarrokh |
Språk |
avestisk - pahlavi |
Religionsfilosofi |
tru - etikk - moral |
Organisasjonar og rørsler |
Bombay parsi pantsjáyat |
World Zoroastrian Organisation |
Den tradisjonelle mazdayasni-parsismen |
Gatha-parsismen |
Gatha-parsismen er ei ombotsrørsle (reformrørsle) i parsismen, særleg i India, som hevdar at seinare tradisjonar har forvanska Zarathustra si opphavlege lære. Dei vrakar alle bøker i Avestaen bortsett frå gathaene, som ein trur Zarathustra sjølv skreiv, og alle tradisjonar som vart bygte på desse bøkene.
Gatha-parsarar godtek ikkje persongjeringa av dei seks Amesha Spentaene og andre figurane som Sraosha og Rashnu, og trur at dei er betre forstått som religiøse omgrep eller som eigenskapar til Ahura Mazda. Dei godtek heller ikkje dualismen av Ahura Mazda og Ahriman som er ein veldig viktig del av tradisjonell parsisme. Dei seier at dualismen i parsismen er moralsk dualisme, som berre finst i menneske. Dualismen kjem frå valet som menneske har mellom Spenta Mainyu og det gode livet, og Angra Mainyu og det dårlege livet. Ahriman er berre persongjeringa av Angra Mainyu, og finst ikkje som person. Ahura Mazda sjølv er høgsett over denne dualismen.
Gatha-parsarar har også forlate búnak pásbani (sæd-reinleik) prinsippet, som indiske parsarar tradisjonelt har sett på som svært viktig. Búnak pásbani gjer det ulovleg for parsarar å gifta seg med folk frå andre religionar, og seiar at berre folk med parsiske foreldrar kan bli parsarar. Gatha-parsarar hevdar at dette prinsippet blei til i ei tid då parsismen var truga. Dei seier at prinsippet er uturvande i dag, og kven som helst kan bli parsar no.
Gatha-parsismen og den tradisjonelle mazdayasni-parsismen har ikkje skilja seg som forskjellige sekter eller samfunn enno, men ordskiftet har blitt mykje meir skjerande og bittert i dei siste åra.