Geddy Lee | |||
Lee spelar på sin signatur Fender Jazz Bass under Snakes & Arrows-turneen til Rush | |||
Fødd | 29. juli 1953 (71 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | North York | ||
Fødenamn | Gary Lee Weinrib | ||
Opphav | Canada | ||
Aktiv | 1968 til i dag | ||
Sjanger | hardrock, progressiv rock, heavy metal | ||
Instrument | Bass, vokal, tangentinstrument, gitar, synthesizers | ||
Kjende instrument | Geddy Lee Signature model Jazz Bass Rickenbacker 4001 Fender Precision Bass | ||
Stemmetype | tenor, baryton, kontratenor | ||
Tilknytte artistar | Rush, Big Dirty Band | ||
Plateselskap | Mercury, Anthem, Atlantic | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, produsent | ||
Prisar | offiser av Order of Canada |
Gary Lee Weinrib (fødd 29. juli 1953)[1] betre kjend som Geddy Lee, er ein kanadisk musikar, mest kjend som solovokalist, bassist og klaverspelar for den kanadiske rockegruppa Rush. Lee vart medlem av Rush i september 1968, etter å ha vorte invitert inn av barndomsvenen Alex Lifeson. Han erstatta då bassist og frontmann Jeff Jones.[2]
Lee er ein prisvinnande musikarar og stilen, teknikken og dugleiken hans på bassgitar har inspirert mange rockemusikarar som Cliff Burton frå Metallica,[3] Steve Harris frå Iron Maiden,[4] John Myung frå Dream Theater,[5] Les Claypool frå Primus,[6] Frank Bello frå Anthrax, Jason Newsted frå Voivod[7], Juan Alderete frå The Mars Volta og Tim Commerford frå Rage Against the Machine.
I tillegg til låtskrivinga, arrangementa og konsertane med Rush, har Lee spelt med mange andre band, som Rocket Science. Det første soloalbumet til Lee, My Favourite Headache, kom ut i 2000.
I lag med bandkollegaene i Rush - gitarist Alex Lifeson og trommeslagar Neil Peart – vart Lee Offiser i Order of Canada i 1996. Trioen vart det første rockehandet som vart æra på denne måten, som ei gruppe.[8] Lee er rangert på 13. plass av Hit Parader på lista deira over dei 100 beste Heavy Metal-vokalistane gjennom tidenen.[9]