Geiranger

Geiranger

Geiranger er ei bygd i Stranda kommune. Ho ligg inst i Geirangerfjorden, ein sidearm av Storfjorden i Møre og Romsdal. Geiranger omfattar sjølve fjorden med dei fråflytta gardane, grendene/dalane til grense mot Norddal kommune i nord og Skjåk kommune i aust. Sentrum med ferjekai ligg på garden Merok (Maråk). Geiranger kyrkje ligg på ei lita flate mellom Vinje og Maråk. Til 1861 var Geiranger og Sunnylven del av Norddal prestegjeld med soknepresten busett i Dalsbygda.

Namnet kjem truleg av norrønt geirr som tyder spyd og angr som tyder fjord, slik at Geiranger opphavleg kan vere namnet på sjølve fjordarmen. Frå gamalt kalla folk i bygda heimplassen sin for «Gjårångjin». Gardsnamnet Gjørvad, ein gamal gard sentralt i bygda, kan også ha samanheng med namnet Geiranger: I 1303 vart Gjørvad omtala som "Gefrunga i Gerang" og i 1520 som "Gorang".[1]

Bygda er omgjeven av bratte fjell, som - i tillegg til fjorden - har gjort ho til eit av dei mest vitja turistmåla i landet. Lonely Planet har kåra Geiranger til det beste reisemålet i Skandinavia. Geiranger- og Nærøyfjorden vart i 2005 med på verdsarvlista til UNESCO. I 2006 vart desse to landskapsområda rangert som dei best bevarte av alle UNESCO-stadane av National Geographic.

  1. Lillebø, PA (1993): Sunnylven og Geiranger II. Gard og ætt. Utgjevar: Stranda sogelag.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne