Genotype

Dette biletet illustrerer samanhengen mellom genotype og fenotype: ulik genotype (til dømes BB og Bb) kan gje den same fenotypen (lilla farge)

Genotype er den delen av DNA-et til eit individ som gjev utslag i fenotypen, og viser gjerne til kombinasjonen av allel for eit visst gen. Genotypen til eit individ kan fastsetjast direkte ved gentesting.

Med unnatak av mutasjonar er genotypen til eit individ den same gjennom heile livet, til skilnad frå fenotypen som til dømes kan endra seg etter miljø. Ein organisme som har like allel for eit gen på båe kromosoma vert kalla homozygot, medan ein organisme som har ulike allelpar vert kalla heterozygot.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne