Geostrofisk vind

Sjå òg geostrofisk straum.

Geostrofisk vind er ein teoretisk vind som kjem av det ein kallar «geostrofisk balanse» mellom corioliskrafta og trykkgradientkrafta som virkar på ein luftpakke. Den geostrofiske vinden bles parallelt med isobarar i jordatmosfæren. Ein har derimot sjeldan eksakt geostrofisk balanse i naturen, fordi andre krefter, som friksjon frå bakken eller sentrifugalkrafta, òg virkar på luftstraumen. Altså må isobarane vere heilt rettlinja og ein kan ikkje ha friksjon for at ein skal ha fullstendig geostrofisk straum. Trass i dette er det meste av atmosfæren utanfor tropane nær geostrofisk det meste av tida og det er ofte ei svært nyttig tilnærming.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne