Giacomo Puccini (22. desember1858–29. november1924) var ein italiensk komponist kjend for operaverk som La bohème, Tosca og Madama Butterfly og ariar som «Che gelida manina» frå La bohème, «O mio babbino caro» frå Gianni Schicchi og «Nessun Dorma» frå Turandot. Puccini kan seiast å ha fullendt den italienske operatradisjonen—han var den siste italienske komponisten som skreiv opera for verdsrepertoaret, og verka hans er blant dei mest framførte også i dag.