Gibraltar

Gibraltar
oversjøisk territorium
Flagg
Rikssegl
Motto: Nulli Expugnabilis Hosti – «Erobra av ingen fiende»
Nasjonalsong: Gibraltar Anthem &
God Save the King
Land  Storbritannia
Hovudstad Gibraltar
Areal 6,843 km²
Folketal 34 003 (2020)[1]
Språk engelsk
Guvernør David Steel
 •  Sjefsminister Fabian Picardo
Tidssone UTC +2
Retningsnummer +350 (utanom i Spania)
Domene .gi
Kart
Gibraltar
36°08′N 5°21′W / 36.14°N 5.35°W / 36.14; -5.35
Kart som viser Gibraltar.
Kart som viser Gibraltar.
Kart som viser Gibraltar.
Wikimedia Commons: Gibraltar

Gibraltar er eit britisk oversjøisk territorium som ligg sørvest i Europa. Territoriet har ei 1,2 km lang grense mot Spania og ei 12 km lang kystlinje. Høgaste punkt er 426 m, på kalksteinsfjellet som utgjer mestedelen av Gibraltar. Gibraltar ligg på ein strategisk stad. Gibraltarsundet er eit smalt havstykke over til Afrika. Sundet bind saman Atlanterhavet med Middelhavet.

Namnet Gibraltar kjem frå arabisk جبل الطارق‎, romanisert Ġabal al-Ṭāriq, som tyder «Ṭāriq-fjellet» (oppkalla etter feltherren Ṭāriq ibn Ziyād). Tidlegare kalla fønikarane det Calpe, ei av søylene til Herakles. I dag er Gibraltar òg kjent som «Gib» eller «the Rock».

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.gibraltar.gov.gi/statistics/key-indicators; vitjingsdato: 27. juni 2021.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne