Gilgamesj er eit sumerisk og babylonsk epos som handlar om den legendariske kong Gilgamesj av Uruk. Eposet blei skrive ned rundt år 2000 f.Kr, om lag 800 år etter kong Gilgamesj si regjeringstid. Berre delar av eposet har blitt funne, på leirtavler i ruinbyen Ninive. Eposet er skrive delvis på sumerisk og delvis på akkadisk. Heile eposet er sørgjeleg og pessimistisk.
Sin-leqi-unninni, ein prest som levde i Babylonia om lag 1400 f.Kr., er forfattaren til den best bevarte versjonen av Gilgamesj-eposet. Han er dermed den eldste episke forfattaren ein kjenner namnet på.