Ginger Baker | |||
![]() | |||
Fødd | 19. august 1939 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lewisham | ||
Død | 6. oktober 2019 (80 år) | ||
Dødsstad | City of Canterbury | ||
Fødenamn | Peter Edward Baker | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1958-2019 | ||
Sjanger | Bluesrock, hardrock, psykedelisk rock, jazz-fusion | ||
Instrument | trommer, perkusjon | ||
Tilknytte artistar | Blues Incorporated, Ginger Baker and Friends, John Mayall's Bluesbreakers, Cream, Blind Faith, Baker Gurvitz Army, Ginger Baker's Air Force, Hawkwind, Public Image Ltd., Atomic Rooster, Masters of Reality, Ginger Baker Trio, BBM, Fela Kuti | ||
Plateselskap | Polydor, Warner Bros., Island, Universal, Atlantic | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Peter Edward «Ginger» Baker (19. august 1939–6. oktober 2019) var ein engelsk trommeslagar som er mest kjend som medlem i Cream og Blind Faith. Han var òg kjend for alle kjennskapen til verdsmusikk, hovudsakleg afrikansk musikk.[1] Han har òg samarbeidd med Gary Moore, Hawkwind og Public Image Ltd..
Trommestilen til Baker vart kjend for å vere overlessa, underhaldande med bruk av to basstrommer i staden for ei basstromme som var vanleg. Sjølv om han var grundig fastsett som rocketrommis og han vart hylla som «rockens første trommesuperstjerne»,[2] føretrekte han å verte kalla ein jazztrommeslagar.[3] Baker har påverka trommeslagarar innan begge sjangrar, som Billy Cobham, Peter Criss, Bill Ward, Ian Paice og John Bonham. AllMusic har skildra han som «den viktigaste perkusjonisten i 1960-åra» og sa at «så godt som kvar einaste trommeslagar i kvart einaste heavy metal-band som følgde sidan har prøvd å etterlikne delar av spelestilen til Baker.»[2]
Han spelte stundom på liknande vis som Keith Moon frå The Who, men hadde òg ein meir beherska stil, påverka av britiske jazzgrupper han høyrte seint i 1950-åra og tidleg i 1960-åra. I dei første åra hans som trommeslagar, spelte han ofte lange trommesoloar, mest kjend er den fem minuttar lange trommesoloen «Toad» frå debutalbumet til Cream, Fresh Cream (1966). Han er òg kjend for å ha nytta mange andre perkusjonsinstrument og for å nytte afrikanske rytmar. Han legg ofte vekt på trommeslaget, ein trommegrunnlag der begge stikkene treffer trommeskinnet nesten samstundes, noko som gjer ein tung, tornande lyd.