Give It Up av Bonnie Raitt

Give It Up
Studioalbum av Bonnie Raitt
Språk engelsk
Utgjeve September 1972
Innspelt Juni 1972
Studio Bearsville Studios i New York
Sjanger
Lengd 36:04
Selskap Warner Bros.
Produsent Michael Cuscuna
Bonnie Raitt-kronologi 
Bonnie Raitt
(1971)
Give It Up Takin' My Time
(1973)


Give It Up er det andre studioalbumet til den amerikanske musikaren Bonnie Raitt, utgjeve i 1972 på Warner Bros. Records. Give It Up er ei blanding av forskjellige sjangrar, som folk, blues, R&B og softrock. Sju av ti spor på albumet er coverversjonar og songane er anten rolege, sentimentale balladar eller kjappe folkrocksongar.[1][2] Tekstane på Give It Up baserer seg på feminiteten til Raitt, forholda hennar og korleis ho er komfortabel med seg sjølv.[2] Raitt spelte inn albumet i Bearsville Studios med produsenten Michael Cuscuna.

Give It Up var det første albumet til Raitt som gjekk inn på Billboard Top LPs & Tapes-lista, der det nådde 138. plassen. Plata fekk god kritikk då det kom ut og dei rosa både vokalen og den musikalske dugleiken på albumet. Nyare meldingar har òg vore positive og somme kritikarar har kalla Give It Up eit album som står fram i diskografien til Raitt. I 2012 rangerte Rolling Stone Give It Up på 495. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Det var derimot ikkje med på den reviderte lista til Rolling Stone frå 2020.

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet EW
  2. 2,0 2,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet No Depression

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne