Gjerde

Stakittgjerde ved Ellingsbø i Heidal i Oppland, fotografert i 1898.
Enkelt tregjerde rundt ein dyrka jordlapp på ei elveøy i Mekong.

Gjerde eller gard er eit fysisk skilje mellom to område. Det kan vera eit symbolsk skilje for å markera ei grense, eller ein fysisk barriere for folk eller dyr.[1] Gjerde kan markera eigarskap eller visa skilje mellom ulike område, som innmark og utmark.[2]

Dei kan også gje vern mot vêr og vind, utanforståande eller uvelkomne gjester.

Ein kan laga gjerde av mange ulike materiale, som tre, stein, jord og levande plantar, som kan bli til ein hekk. Moderne gjerdemateriale er til dømes piggtråd, netting, sement og straumførande leiarar. Utforminga av gjerde blir påverka av bruksområdet og kva materiale som er tilgjengelege. I område med mykje stein er steingardar vanlege, medan skigardar er vanlegare i skogsområde. I moderne tid er gjerde laga av metall blitt utbreidde, med materiale som stål laga til netting, piggtråd og liknande. Det finst også straumførande gjerde og meir symbolske eller midlertidige gjerde som kan vera laga av plast eller kunststoff.

Val av korleis gjerdet blir halde stødig, til dømes ved hjelp av stolpar festa i bakken, styrken på materialet det er laga av, høgda og utforminga av toppen blir alle påverka av føremålet med gjerdet og eventuelle symbolske eller estetiske omsyn.

  1. Gorse, Christopher; David Johnston; Martin Pritchard. (2012). «fence». A Dictionary of Construction, Surveying and Civil Engineering. Oxford University Press. 
  2. Magne Reiten. «Gjerdeplikt og ordning av gjerdehald» (PDF). Henta 19. juni 2018. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne