Glass Spider-turneen Turné av David Bowie | ||
![]() Bowie vert senka ned frå edderkoppen i taket under opningssongen «Glass Spider» i Rock am Ring – 7. juni 1987 | ||
Stad | Europe Nord-Amerika Australia New Zealand | |
Tilknytt(e) album | Never Let Me Down | |
Startdato | 30. mai 1987 | |
Sluttdato | 28. november 1987 | |
Talet på konsertar | 27 i Europa 44 i Nord-Amerika 15 i Oseania 86 totalt | |
Bilettsal | 86 million USD | |
Konsertkronologi | ||
---|---|---|
Serious Moonlight Tour (1983) |
Glass Spider-turneen | Sound+Vision Tour (1990) |
Konsertkronologi for Tin Machine | ||
Glass Spider-turneen | Tin Machine-turneen (1989) |
Glass Spider-turneen var ein verdsturné av den engelske musikaren David Bowie i 1987 etter han gav ut albumet Never Let Me Down. Turneen byrja i mai 1987 og vart marknadsført av ein to veker lang presseturné der Bowie vitja ni land gjennom Europa og Nord-Amerika. Glass Spider-turneen var den første Bowie-turneen som vitja Austerrike, Italia, Spania, Irland og Wales. Turneen vart sponsa av Pepsi og det var meininga at turneen skulle vitje Russland og Sør-Amerika òg, men desse planane vart seinare avlyste. Turneen var på det tidspunktet den lengste og dyraste turneen til Bowie til då. På den tida vart dei omfattande kulissane nytta under turneen kalla «det største turnésettet nokon gong».[1]
Bowie ønskte at turneen skulle vere eit teatralsk show, og inkluderte talte monologar til somme av songane, vignettar og visuelle knep som projiserte videoar, teatralsk lyssetting og kulissar. På scenen hadde Bowie med seg gitaristen Peter Frampton og ein trupp på fem dansarar (koreografert av den mangeårige samarbeidspartnaren Toni Basil). Med temaet «Rockestjerner kontra røyndom», vart showet delt inn i to akter og eit ekstranummer. Setlista vart modifisert i løpet av turneen etter kvart som Bowie droppa somme av dei nyare songane sine for eldre songar i repertoaret sitt.
Turneen fekk generelt dårleg kritikk på den tida og vart rekna for å vere overblåst og pretensiøs. Trass i kritikken sa Bowie i 1991 at det la grunnlaget for seinare suksessrike, teatralske turnear av andre artistar, og at designet av kulissar og integrasjonen mellom musikk og teater seinare inspirerte ei rekkje andre artistar. Frå og med seint i 2000-åra byrja turneen å få god omtale for suksessen sin, og i 2010 vart turneen kalla ein av dei best designa konsertturnane gjennom tidene.
Turneen gjekk godt og hadde høge publikumstal, og kan ha blitt vitja av så mange som seks millionar fans verda over, men den dårlege kritikken av albumet og turneen førte til at Bowie gav opp planane om andre utførlege sceneshow, og han måtte i tenkeboksen for korleis han skulle lage musikk framover. Turneen vart kalla opp etter ein song på albumet, «Glass Spider», og framføringar på turneen kom ut på VHS-videoen Glass Spider (1988, gjeve ut på DVD i 2007).
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet NJ87