Glimmerskifer | |||
Glimmerskifer | |||
Kjenneteikn | |||
---|---|---|---|
Gruppe | Metamorf | ||
Hovudmineral | kvarts, glimmer | ||
Identifikasjon | |||
Bruksområde | byggstein, golvflis, terrassedekke, trapper, m.m. | ||
Anna | særs god kløv i liggeplanet |
Glimmerskifer er ein metamorf bergart. Glimmerskifer er lagdelt og har gode kløveigenskapar (milli- til centimeter tjukke flak).
Han består av lagvise mineral. Hovudmateriala er kvarts og glimmer, men òg noko feltspat, kloritt, apatitt og andre mineral. Glimmer er danna av mørk biotitt, paragonitt og ljos muskovitt.
Han kan òg innehalde granat, kyanitt, staurolitt eller sillimanitt. Dersom innhaldet av éit av desse er dominerande, blir kalla han for granatglimmerskifer, kyanittglimmerskifer o.s.v.
Dei fleste glimmerskifrane er danna ved regionalmetamorfose av opphavlege leirsediment og han dannar godt jordsmonn. Dei er vanlege i grunnfjellet og i yngre fjellkjeder, òg i Noreg. Einskilde glimmerskifrar blir nytta som takskifer.