Glitter

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Glitter (fleirtyding).
Sminking med glitter.

Glitter er blankt, reflekterande materiale ein kan bruka til pynt og dekorering. Ulike typar glitter kan vera hobbymateriale som ein kan lima på ulike overflater, sminke ein kan festa på kroppen for å gjera han glitrande, eller blanke metalltrådar festa til ein tråd som ein kan bruka som dekorasjon til jul og liknande. Laust glitter er gjerne svært små bitar av glitrande materiale. Bitane kan minna om konfetti eller paljettar, men er mindre.

Laust glitter

Menneske har brukt glitter som dekorasjon sidan førhistorisk tid. Opphavleg blei det laga av ulike mineral som malakitt,[1] galenitt,[2] eller glimmer (kråkesølv),[3] insekt,[4] glas eller metall. Moderne glitter er vanlegvis hovudsakleg av plast.

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet :1
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet :2
  3. Mangum, Aja (Oct 7, 2007). «Glitter: A Brief History». New York Magazine. Henta 12. oktober 2013. 
  4. «Beauty, Hairstyles and Cosmetics in Ancient Egypt». Facts and Details. Arkivert frå originalen 13. august 2013. Henta November 12, 2012. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne