Glitter Studioalbum av Gary Glitter | ||
Utgjeve | 3. mars 1972 | |
Innspelt | 1971 | |
Sjanger | Glamrock | |
Selskap | Bell Records | |
Produsent | Mike Leander | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Gary Glitter-kronologi | ||
Glitter | Touch Me (1973)
|
Glitter var debutalbumet til den britiske glamrockartisten Gary Glitter frå 1972, prodsuert av Bell Records. To songar, «I Didn't Know I Loved You ('Til I Saw You Rock 'n' Roll)» og «Rock And Roll», sistnemnde i to delar, vart populær singlar. Begge låg ei tid på Topp 40 i både USA og Storbritannia.
Albumet hadde i tillegg til dei to singlane, andre songar som vart populære hos tilhengjarane, som «Rock On!», «Shakey Sue» og «The Famous Instigator», samt Glitter-versjonane av «Baby, Please Don't Go» (skriven og først framført av amerikanske Big Joe Williams) og «The Wanderer» (først spelt inn av Dion DiMucci & the Del-Satins).
Albumet gjorde det òg godt internasjonalt. I 1996 og 2009 vart albumet gjeve ut på ny med bonusspor.