Global oppvarming

Endringa av den globale gjennomsnittstemperaturen sidan 1900.' Den grå stripa er 95 %-konfidensintervallane for dei 50 åra før og inklusive kvart år. Temperaturauken er mest tydeleg på 1930/40-talla og i perioden frå 1980 til i dag: Mange verdiar ligg utanfor konfidensintervallene. Ein ser òg at variabiliteten i klimaet har auka: Konfidensintervallene har blitt vidare.

Global oppvarming er ein prosess der den gjennomsnittlege temperaturenjorda aukar. Sidan midten av 1900-talet er det dokumentert ei slik oppvarming av hav og luft nær jorda. Frå 1905 til 2005 steig overflatetemperaturen med 0,74 ± 0,18 °C. SN sitt klimapanel slo i 2007 fast at oppvarminga truleg er eit resultat av menneskeskapt drivhuseffekt frå utslepp av klimagassar, gjennom til dømes bruk av fossilt brennstoff og avskoging.[1] Dei har også konkludert med at det hovudsakleg var naturfenomen som variasjonar i solstråling og vulkansk aktivitet som stod bak det meste av oppvarminga frå før den industrielle revolusjonen til 1950, og ei lita nedkjøling like etter.[2][3] Desse grunnleggjande sluttingane er støtta av over 40 vitskaplege akademi og organisasjonar.[4]

Klimamodellar samanfatta i siste rapporten til klimapanelet tyder på at temperaturen på verdsbasis truleg vil stiga med 1,1 til 6,4 °C til i løpet av 2000-talet.[1] Auke i temperaturane vil føra til høgare havnivå og endra nedbørsmønster, noko som truleg vil medføra tropisk ørkenspreiing.[5] Det er venta ei minke i brear, permafrost og havis, med Arktis rekna som særleg utsett. Andre sannsynlege effektar er mellom anna auka intensitet av ekstremvêr, utrydding av artar og endringar i jordbruksproduksjonen.

Offentleg og politisk debatt rundt årsaker til og kva ein eventuelt kan gjera med global oppvarming. Ulike taktikkar er lagt fram: Reduksjon av klimagassutslepp for å redusera vidare oppvarming, tilpassing av samfunn til ei verd med store klimaendringar, og ulike tiltak for å motverka oppvarminga. Kyotoprotokollen frå 1997 er ein internasjonal avtale om å redusera utslepp. Ein ny klimakonferanse i desember 2009 prøver å finna fram til vidare tiltak.

  1. 1,0 1,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet grida7
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Hegerl-2001
  3. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Ammann-2007
  4. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet joint-academies
  5. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Lu-2007

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne