Gloucestershire | |||
grevskap | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Sørvest-England | ||
Areal | 3 150 km² | ||
Folketal | 840 200 (2008) | ||
Grunnlagd | Historisk | ||
Status | Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap | ||
![]() Gloucestershire 51°50′00″N 2°10′00″W / 51.833333333333°N 2.1666666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Gloucestershire |
Gloucestershire er eit grevskap sørvest i England. Grevskapet består av delar av Cotswold Hills, delar av den flate, frodige dalen til elva Severn og heile Forest of Dean.
Administrasjonsbyen er Gloucester og andre viktige byar er Cheltenham, Stroud, Cirencester og Tewkesbury.
Det seremonielle grevskapet grensar til Gwent i Wales (i dag Monmouthshire) og i England til dei seremonielle grevskapa Herefordshire, Worcestershire, Warwickshire, Oxfordshire, Wiltshire, Somerset og Bristol. Som administrativt grevskap omfattar det ikkje South Gloucestershire som er ei sameint styresmakt.