Gneis | |||
Gneis | |||
Kjenneteikn | |||
---|---|---|---|
Gruppe | metamorf | ||
Hovudmineral | kvarts, biotitt, granat, plagioklas | ||
Identifikasjon | |||
Bruksområde | bygningsstein, veggplater, golvfliser, gatestein, gravminne m.m. |
Gneis er ein metamorf bergart, det vil seia at han er omforma frå ein eller fleire andre bergartar etter å har vorte utsett for stort trykk og varme. Gneis inneheld difor dei same minerala som desse bergartane er danna av.
Gneis inneheld i hovudsak kvarts, biotitt, granat og plagioklas
Grunna trykk og varme har gneisen fått endra struktur. Han har vorte lagdelt og fått ein bølgja utsjånad. Lagdelinga og den bølgja utsjånaden kjem av at dei opphavlege bergartane i ulik grad har vorte blanda. Dei tekniske eigeskapane som spaltbarheit og trykkfastleik kan òg vera kraftig endra samanlikna med den opphavlege bergarten.
Gneis er den vanlegaste bergarten i Noreg. Det er mange kvalitetar og typar gneis. Dei har ulike namn, avhengig av innhaldet av opphavlege bergartar.