Gold Dust Woman

Gold Dust Woman
Song av Fleetwood Mac
frå albumet Rumours
Utgjeve 1977
Innspelt 1976
Sjanger Rock
Lengd 5:02
Selskap Warner Bros.
Komponist Stevie Nicks
Tekstforfattar Stevie Nicks
Låtskrivar(ar) Stevie Nicks
Produsent Fleetwood Mac,
Richard Dashut og
Ken Caillat

«Gold Dust Woman» er ein song av Fleetwood Mac frå albumet Rumours i 1977. Han vart skriven og sungen av Stevie Nicks og gjeven ut som B-sida til «Don't Stop» (i Storbritannia) og «You Make Loving Fun» (i USA). I lag med «Rhiannon,» «Landslide» og «Dreams», vert han ofte rekna som ein av signaturlåtane til Stevie Nicks av innspelingane hennar med Fleetwood Mac.[1]

På 2004-utgåva av Rumours finst to demoversjonar av «Gold Dust Woman», ein med ein vokalmelodi og tekst i mellomspelet som seinare vart utvikla til ein eingen song, «If You Ever Did Believe», i 1997. Nicks spelte inn denne med den nær venen Sheryl Crow som del av innspelinga til Trouble in Shangri-La, som først kom ut i 2001, men songen vart vald som kjenningsmelodi for filmen Practical Magic med Nicole Kidman og Sandra Bullock frå 1998. Så langt har «If You Ever Did Believe» berre blitt gjeven ut på filmmusikkalbumet til denne filmen.

  1. «Readers' Poll: The 10 Best Fleetwood Mac Songs Pictures - 8. 'Gold Dust Woman'». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 11. juli 2015. Henta 4. august 2015. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne