Golden Earring | |||
Golden Earring n 1974 | |||
Opphav | Haag i Nederland | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1961-2021 | ||
Sjanger | Hardrock, progressiv rock, psykedelisk rock, Nederbeat | ||
Plateselskap | Polydor, MCA, Track, Universal, Columbia, Capitol, 21, Polygram, Atlantic, Atco, First Quake, Red Bullet | ||
Medlemmer | Rinus Gerritsen George Kooymans Barry Hay Cesar Zuiderwijk | ||
Tidlegare medlemmer | Fred van der Hilst Hans van Herwerden Peter de Ronde Frans Krassenburg Jaap Eggermont Sieb Warner Bertus Borgers Eelco Gelling Robert Jan Stips John Legrand Philip van Boom |
Golden Earring er eit nederlandsk rockeband, skipa i 1961 i Haag som The Golden Earrings (artikkelen vart droppa i 1967, medan s-en vart fjerna i 1969).[1] Gruppa vart verdskjend med dei internasjonale hittane «Radar Love» i 1973, som gjekk til topps i Nederland og nådde topp 10 i Storbritannia og ein 13. plass i USA,[1][2] «Twilight Zone» i 1982 og «When the Lady Smiles» i 1984.[1] I løpet av karrieren hadde ho nesten 30 topp ti-singlar på den nederlandske singellista og gav ut 25 studioalbum.
Bandbesetninga består av dei opphavlege medlemmane Rinus Gerritsen (bass og klaverinstrument) og George Kooymans (vokal og gitar), i tillegg til Barry Hay (vokal, gitar, fløyte og saksofon), og Cesar Zuiderwijk (trommer og perkusjon). Alle musikarane i den noverande besetninga har vore faste medlemmar i bandet sidan 1970, sjølv om andre musikarar har gått og kome i mellomtida.