Golf er ein utandørsidrett der enkeltspelarar eller lag slår ein liten ball i hòl med ulike typar køller. I golfreglane blir idretten definert som 'å spele ein ball med ei kølle frå utslagsstaden ned i hòlet med eit slag eller fleire påfølgjande slag i samsvar med reglane'.
Golf oppstod truleg i Skottland og har vore spelt i fleire hundre år på Dei britiske øyane. Sjølv om golf av nokre blir rekna som ein fritidsaktivitet helst for rike, blir spelet stadig meir populært og talet på spelarar veks i store delar av verda. I Noreg er over 119 000 spelarar medlem av Norges Golfforbund. Dette blir ein gjennom medlemskap i ein norsk golfklubb. Det blir kravd medlemskap for å kunna spela på dei aller fleste av dei norske banane.