Gomalandet er ein bydel i Kristiansund kommune, og eit av dei fire landa som utgjer sentrum i byen. Goma er ikkje ei eiga øy, men knytt til Kirkelandet ved eit smalt eid inst i Vågen. Det er brusamband frå Gomalandet til øyane Skorpa og Nordlandet (Nordsundbrua). Folketalet er 2467 (i 2024)
Gomalandet barneskule er skulen i bydelen.
Folketalsutvikling
1900[1] | 2000[2] | 2024[2] |
---|---|---|
680 | 2465 | 2467 |