Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Regi | Gus Van Sant | ||
---|---|---|---|
Produsent(ar) | Lawrence Bender | ||
Manus | Ben Affleck, Matt Damon | ||
Medverkande | Matt Damon, Robin Williams, Ben Affleck, Minnie Driver, Stellan Skarsgård, Casey Affleck, Cole Hauser, Scott William Winters, George Plimpton, Alison Folland, Vik Sahay, Harmony Korine | ||
Klipp | Pietro Scalia | ||
Musikk | Danny Elfman, Elliott Smith | ||
Sjeffotograf | Jean-Yves Escoffier | ||
Produksjonsselskap | A Band Apart, Miramax Films | ||
Distributør | UIP-Dunafilm | ||
Utgjevingsdato | 5. desember 1997 (USA),[1][2] 19. februar 1998 (Tyskland),[3] 1997, 9. januar 1998 (Canada)[2] | ||
Lengd | 126 minutt | ||
Opphavsland | USA | ||
Språk | engelsk | ||
Inntening | 225 900 000 US-dollar (verdsfemnande)[4] | ||
Sjanger | romantisk film, oppvekstforteljing, dramafilm |
Good Will Hunting (på norsk Den enestående Will Hunting) er ein film frå 1997, regissert av Gus Van Sant, og med handling frå Boston i Massachusetts. Filmen fortel historia om Will Hunting, ein problemrik men talentfull ung mann som arbeider som vaktmeister på Massachusetts Institute of Technology sjølv om han har kunnskapar innan matematikk som er mykje større enn dei til mange studentane ved skulen. Will må lære seg å gje slepp på fortida for å kome vidare i livet sitt. Good Will Hunting viser historia til ein ung mann, og kampen hans mot både seg sjølv om personlege forhold, der han prøver å arbeide seg gjennom problema sine slik at han kan opne seg til andre, slik at han kan bruke det store intellektet sitt til noko nyttig.
Filmen blei skriven av Matt Damon og Ben Affleck. Eit rykte om at Good Will Hunting var skriven av den legendariske manusforfattaren William Goldman blei avkrefta i av Goldman sjølv i boka Which Lie Did I Tell? som ein spøk som gjekk for langt.
Filmen er ofte samanlikna med J.D. Salinger sin roman Catcher in the Rye.
Filmen er dedikert til minnet om Allen Ginsberg og William S. Burroughs.