Goodbye Yellow Brick Road Studioalbum av Elton John | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. oktober 1973 | |
Innspelt | Mai 1973 | |
Studio | Château d'Hérouville i Hérouville i Frankrike. Miksa og overdubba i Trident Studios i London[1] | |
Sjanger | Rock, poprock, glamrock[2] | |
Lengd | 76:20 | |
Selskap | MCA (USA) DJM (Storbritannia) | |
Produsent | Gus Dudgeon | |
Elton John-kronologi | ||
---|---|---|
Don't Shoot Me I'm Only the Piano Player (1973) |
Goodbye Yellow Brick Road | Caribou (1974) |
Singlar frå Goodbye Yellow Brick Road | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Robert Christgau | (B)[4] |
Rolling Stone | (unfavourable)[5] |
Rolling Stone | (2004) ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Slant Magazine | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Goodbye Yellow Brick Road er eit dobbeltalbum frå Elton John, utgjeve i 1973 på DJM Records og produsert av Gus Dudgeon.
Albumet er eit høgdepunkt i karrieren til Elton John, og i 2003 kom albumet på 91. plass på musikkmagasinet Rolling Stone si liste over «Dei 500 beste albuma gjennom tidene». Det vart det tredje albumet av Elton John som nådde førsteplassen på Billboard 200 i USA, og det nådde også førsteplassen på albumlista i Storbritannia. I Noreg nådde albumet femteplass og låg på albumlista i 27 veker. Albumet har selt minst 31 millionar eksemplar på verdsbasis.
Singlane «Goodbye Yellow Brick Road», «Saturday Night's Alright for Fighting», «Bennie and the Jets» og «Candle in the Wind» kom høgt oppe på hitlistene i både Nord-Amerika og i Europa.