Gotarane eller gotane er nemninga på eit av dei største og fremste germanske folkeslaga i folkevandringstida. Dei hadde to hovuddelar: ostrogotane eller austgotarane, og visigotane eller vestgotarane. Mange andre kjende og ukjende folk var knytte til gotane, som gjevdane eller gepidane.
Ifølgje sine eigne overleveringar utvandra gotarane frå Skandinavia (hovudsakleg Gotland og Götaland), vandra sørover, og erobra delar av Romarriket. To nærståande stammar, gutar og götar, blei igjen i Skandinavia.
Gotarane spelte ein viktig rolle i romersk historie etter at dei først dukka opp ved Donaugrensa av Romarriket på 200-talet. Dei grunnla store statar på området til det vaklande Vestromarriket, men blei nedkjempa av Austromarriket. Dei blei gradvis absorberte eller fortrengde i løpet av 500- og 600-talet.
Gotisk er det eldste nedskrivne germanske språket.