Gotisk *Gutisko razda | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk | |
Talarar | Gotarar | |
Bruk | ||
Tala i | (utdøydd) | |
Område | (utdøydd) | |
Gotisktalande i alt | (utdøydd) | |
Rangering | (utdøydd) | |
Skriftsystem | det gotiske alfabetet | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Gotarar | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | got | |
ISO 639-3 | got | |
Glottolog | goth1244
|
Gotisk (på gotisk *gutisko razda) er eit austgermansk språk som vart snakka av gotarane, og takk vere Wulfilas bibel er det det eldste germanske språket vi har dokumentert.
Gotisk skil seg frå anna germansk først og fremst fordi endingsvokalen ved a- og i-stammane fell ut (hos den siste berre ved føregåande lang vokal). Slik vart til dømes germansk *stainaz gotisk stains (stein) og germansk *gastiz det gotiske ordet gasts (gjest).