«Grab the Moment» Song av JOWST | ||
![]() | ||
Land | Noreg | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 15. februar 2017[1] | |
Innspelt | 2016 | |
Sjanger | EDM, pop, elektropop | |
Lengd | 02:55 | |
Selskap | Three15 Records | |
Låtskrivar(ar) | Joakim With Steen og Jonas McDonnell |
---|
«Grab the Moment» ('grip augneblikket') er ein norsk elektropopsong som vann Melodi Grand Prix 2017. Songen vert framført av Joakim With Steen, under artistnamnet JOWST, medan Aleksander Walmann er ukreditert vokalist på songen.[2] Steen har òg komponert songen, medan Jonas McDonnell har skrive teksta. «Grab the Moment» fekk flest røyster i Melodi Grand Prix og vart dimed det norske bidraget i Eurovision Song Contest 2017 i Kyiv i mai. Der enda songen på ein tiandeplass.[3] Låten nådde ein sjetteplass på VG-lista, den høgaste plasseringa til ein vinnarsong i Melodi Grand Prix sidan «I Feed You My Love» frå 2013.[4]