Grammy Award | |||
| |||
Skipa | 1958 | ||
---|---|---|---|
Land | USA | ||
Nettstad | https://www.grammy.com (engelsk) |
Grammy Award (Grammy) er ein amerikansk musikkpris som blir delt ut årleg av The Recording Academy (ei samanslutning av personar i den amerikanske musikkindustrien). Prisen er blitt delt ut sidan 1959 for prestasjonar innan musikk som er blitt gjeven ut i USA året før. [1] Prisen blir delt ut kvart år i februar, og blir sett på som ein parallell til Academy Award (Oscarprisen) i film.
På same måte som ved Oscarprisen skjer utdelinga etter røyster frå dei med røysterett i Recording Academy, og ikkje på grunnlag av popularitet eller tal på selde plater. Utmerkinga har fått namn etter troféet som vinnarane mottar, ein forgylt miniatyr av ein gamaldags grammofon.
Talet på sjangrar og kategoriar ein deler ut prisar kan endra seg. I 2018 delte ein ut 84 prisar innan 30 ulike sjangrar.[1] Grammyprisen blir hovudsakleg delt ut til engelskspråkleg musikk. Det finst ein tilsvarande pris for songar på spansk eller portugisisk, Latin Grammy Award.