Granateple | |
Granateple | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Myrteordenen Myrtales |
Familie: | Lythraceae |
Slekt: | Punica |
Art: | Granateple P. granatum |
Vitskapleg namn | |
Punica granatum |
Granateple eller paradiseple (Punica granatum) er ei frukt som veks på eit tre som fullvakse er 5-8 meter høgt. Planten kjem opphavleg frå området rundt det noverande Iran, men er kultivert rundt Middelhavet, India og tørre område i Søraust-Asia.
Frukta er i mellom ei grapefrukt og ei appelsin i storleik med eit tjukt raudleg skal. Inni er det mange saftfylte frø som er det ein vanlegvis et.