Gruppe: | Gauge-boson |
Fundamentalkraft: | Gravitasjon |
Status: | teoretisk |
Symbol: | G[1] |
Teoretisert: | 1930-åra[2] Namnet vart gjeve av Dmitrij Blokhintsjov and F. M. Galperin i 1934[3] |
Oppdaga: | hypotetisk |
Masse: | 0 |
Elektrisk ladning: | 0 e |
Spinn: | 2 |
Graviton er i fysikk ein hypotetisk elementærpartkkel som formidlar gravitasjon innanfor ramene til kvantefeltteori. Om han finst er gravitonet venta å vere masselaust (fordi gravitasjonskreftene verkar å ha uendeleg rekkevidd) og må vere eit spinn-2-boson. Spinnet kjem av at kjelda til gravitasjonen er stress-energi-tensoren, ein andregrads tensor. I tillegg kan det visast at alle masselause spinn-2-felt ville gjeve ein kraft som ikkje kan skiljast frå gravitasjonen.[4] Dette indikerer at om ein oppdagar ein masselaus partikkel med spinn 2, så må det vere gravitonet.[5]