Gravlund

Eldre fotografi frå ein gravlund i Russland.
Varhaug gamle kyrkjegard i Hå kommuneJæren.

Gravlund eller gravplass er eit område som er reservert for jordfesting av avlidne menneske, anten dei vert jordfesta i likkiste, eller i urne etter kremasjon. Gravplass for dei kremerte vert òg kalla urnelund.

I Noreg og fleire andre land ligg gravlundane ofte ikring kristne kyrkjer, og det er då vanleg å kalle gravplassane for kyrkjegardar og tilsvarande. Nemninga gravfelt er som oftast nytta som eit arkeologisk nøytralt (ikkjereligiøst) omgrep for samlingar av graver frå førhistorisk tid for døde som har vorte jordfesta på seremonielt vis etter si tids sed. Men i europeiske språk kan ord som svarar til det norske ordet gravfelt òg verte nytta som eit generelt nøytralt alternativ til det som i vanleg språkbruk vert kalla kyrkjegardar eller har andre nemningar av religiøs karakter.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne