Greatest Hits II av Queen

Greatest Hits II
Samlealbum av Queen
Språk engelsk
Utgjeve 28. oktober 1991 (UK)
Innspelt 1981–1990
1981–1995 (2011 japansk nyutgjeving)
Sjanger rock
Lengd 76:32 (LP-versjon)

75:57 (CD-versjon)

Selskap Parlophone (Europa)
Hollywood (Nord-Amerika)
Queen-kronologi 
The Complete Works
(1985)
Greatest Hits II Classic Queen
(1992)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars link
The Rolling Stone Album Guide4/5 stars[1]

Greatest Hits II er eit samlealbum av det britiske rockebandet Queen, gjeve ut i 1991.[2] Det gjekk til topps på UK Album Chart i Storbritannia og er det tiande mest selde albumet i britisk historie, med 3,9 millionar selde eksemplar fram til 2014. I verda har det seld i alt 19 millionar eksemplar. Det samla talet for både Greatest Hits II og Classic Queen for den amerikanske marknaden, er i overtal av 23 millionar eksemplar.[3][4] Det er òg det mestseljande albumet av ein utanlandsk artist i Finland.

Samlealbumet inneheld dei fleste europeiske hittane til Queen frå 1981 til 1991. Det vart gjeve ut mindre enn ein månad før frontmannen Freddie Mercury døydde og var det siste Queen-utgjevinga medan han levde. Det vart seinare gjeve ut i USA i to boksar: Greatest Hits I & II og The Platina Collection: Greatest Hits I, II & III. Den 19. april 2011 kom ei nymastra utgåve av albumet på Hollywood Records i USA og Japan.

Ei videosamling, kalla Greatest Flix II, kom ut samstundes, men er ikkje lenger i sal i dag. Dei fleste videoane er i dag tilgjengeleg på DVDen Greatest Video Hits 2 med unntak av videoane frå Innuendo-albumet frå 1991.

Singlane «Body Language», «Back Chat», «Las Palabras de Amor», «Thank God It's Christmas», «Princes of the Universe» og «Scandal» var ikkje med på denne utgjevinga.[5]

  1. Rolling Stone Album Guide
  2. Queen; Greatest Hits, Vol. 2. Allmusic. Henta 31. juli 2016.
  3. BPI – UK Best Selling Albums of All Time (14. juni 2009) Arkivert 2009-11-22 ved Wayback Machine., Henta 13. juni 2011
  4. Queen Greatest Hits I and II Review BBC. Henta 31. juli 2016
  5. http://www.queenonline.com/en/the-band/discography/greatest-hits-ii/

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne