Greendale Studioalbum av Neil Young og Crazy Horse | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 19. august 2003 | |
Innspelt | 11. juli til 19. september 2002 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 78:18 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Neil Young, L.A. Johnson | |
Neil Young og Crazy Horse-kronologi | ||
---|---|---|
Are You Passionate? (2002) |
Greendale | Prairie Wind (2005)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Rolling Stone | [2] |
Greendale er det 29. albumet til Neil Young, spelt inn i lag med Crazy Horse, og gjeven ut 19. august 2003. Greendale er ein 10 songar lang rockeopera som er sett til ein oppdikta kystby i California. Han er basert på soga om familien Green og «lydnovella» har vorte samanlikna med klassikaren til Thornton Wilder, Our Town[3] og Sherwood Anderson sin Winesburg, Ohio. Greendale kom òg som ein film og ei grafisk novelle.
Greendale omhandlar tema som korrupsjon, miljøvern, korleis massemedia samla seg etter 9/11. Albumet, konserten, filmen og DVDane skapte stort sprik hos kritikarane, som kalla det alt frå «amatørmessig» til at albumet vart kåra til eit av dei beste i 2003 av musikkritikarane i Rolling Stone.
CDen vart opphavleg gjeven ut med ein DVD av ein akustisk solokonsert av dei same songane frå Vicar Street i Dublin i Irland. Denne solokonserten er seinare gjeven ut digitalt.[4][5] I 2004 vart CDen gjeven ut med ein ny DVD som inneheldt konsertopptak av Neil Young og Crazy Horse. Ein DVD-Audio-versjon vart òg gjeven ut med både Advanced Resolution Stereo og 5.1 kringlyd-miksar, samt ein video av «Devil's Sidewalk» frå filmen. Seint i 2004 kom ein film med skodespelarar som mimar til songane.