Gregor

Gregor den store var den første av ei lang rekkje pavar kalla Gregor(ius).
Minneplate for arveforskaren Gregor Mendel.

Gregor er ei tysk og skotsk form av det latinske mannsnamnet Gregorius som stammar frå det greske Grigórios (Γρηγόριος), frå¨grigoros (γρηγορος), 'vaktsam'.

Det finst ei rekke variantar av namnet, som svensk Greger, engelsk Gregory, fransk Grégoire, italiensk og spansk Gregorio, ungarsk Gergely eller Gergő. Greg er ei kortform av namnet.

Gregor har namnedag i Noreg den 12. mars. Denne dagen er gregorsmesse til minne om pave Gregor den store som levde på 500-talet.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne