Greip

Greip.

Greip er ein spadeliknande handreiskap med tindar istaden for tett blad, slik at reiskapen fungerer som ein gaffel. Han vert nytta innan jordbruk, hagebruk og gartneri for å for å løyse opp jorda, handsama husdyrmøkk, kompost og anna gjødning, for å grave opp og handsama potetar og liknande. Høygaffelen, som vert nytta til å handsame gras og høy, er ein liknande reiskap.

Dei eldste greipene var laga av tre, medan dei i dag vert laga av stål. Den eldste greipen i Noreg som er teke vare på, vart funne i vikingtidsgrava som romma Osebergskipet, og var skåre ut i eitt stykkje tre med to tindar.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne