Gresk historie

Kart over Stor-Hellas frå kring 1920. Politikaren og juristen Eleftherios Venizelos og ein kvinnefigur med det greske flagget er innsett.

Gresk historie går tilbake til grekarane sitt innkome til Europa ei tid før 1500 f.Kr., sjølv om det berre har vore ein uavhengig gresk stat kalla Hellas sidan 1821.

Gresk historie går likevel langt utanfor grensene til dagens Hellas. Så tidleg som det 7. hundreåret f.Kr. hadde grekarane kolonisert delar av det som no er Tyrkia, Kypros, Italia og Libya. Erobringane til Aleksander den store i 4. hundreåret f.Kr. gav grekarane styre over Anatolia, Egypt, Syria og Mesopotamia. Som delar av Det bysantinske riket var desse og andre område deler av den greske verda i mange hundreår. Frå 1400-talet levde nesten alle grekarar under osmansk styre.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne