60°23′19.979″N 5°19′41.203″E / 60.38888306°N 5.32811194°E
Grieghallen er ein konserthall i Bergen frå 1978. Administrasjonsfløya på Grieghallen vart teke i bruk 1971. Hallen er fast øvings- og konsertlokale for Bergen Filharmoniske Orkester, og vert dessutan nytta til ei rekkje ulike konsertar, messer, møte og andre tilstellingar.
Grieghallen er namngjeve som heider til komponisten Edvard Grieg, som var fødd i Bergen og i lang tid budde her.
Grieghallen vart bygd etter teikningar av den danske arkitekten Knud Munk. Bygningen er eigd av eit aksjeselskap med Musikselskabet «Harmonien», Den Nationale Scene, Festspillene i Bergen og Bergen kommune som aksjonærar.
Konsertsalen har 1 504 sitjeplassar og ei scene på om lag 1000 rutemeter når orkestergrava vert lukka. Dessutan er det ein mindre sal med 700 sitjeplassar, 21 øvingsrom for musikarane i Bergen Filharmoniske Orkester, studio og kontrollrom for radio og TV, og to store publikumsfoajeer på til saman 2200 rutemeter, og i tillegg fleire kontor og butikkar. I 2004 vart tre spesielt godt lydisolerte øvingsrom innreia i underetasjen for rockemusikarar.
I 1996 vart Grieghallen ombygd for òg å kunne fungere som eit moderne kongress-senter, med møtelokale på i alt 4 523 rutemeter. Etter ei utviding i 2006 var det totale arealet auka til over 8 000 rutemeter med eit nybygg på 3500 rutemeter plassert under Edvard Griegs plass, plassen framføre Grieghallen, i nesten heile Grieghallens lengd, lagd for messer, fest- og kulturarrangement. Dette underjordiske bygget, kalla Dovregubbens Hall, kan romme 1500 personar. Eit underjordisk parkeringshus i to høgder for personbilar, ope for alle mot parkeringsavgift, er plassert under dette utstillings- og messearealet, med innkøyring og utkøyring i offentlege gater.
Når både konsert- og kongresslokala er fullt utnytta, har Grieghallen plass til om lag 7500 personar. Grieghallen egner seg no for ei rekkje ulike brukarar og arrangement med inntil 2000 personar samla i plenum.