Guam | |||
Guåhan | |||
oversjøisk territorium | |||
|
|||
Motto: Where America's Day Begins | |||
Nasjonalsong: Fanohge Chamoru | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Del av | Mikronesia, European Union tax haven blacklist, Q3432631 | ||
Hovudstad | Hagåtña | ||
Areal | 544,0 km² | ||
Folketal | 153 836 (2020)[1] | ||
Språk | engelsk og chamorro | ||
Tidssone | UTC +10 | ||
Retningsnummer | 1-671 | ||
Domene | .gu | ||
Guam 13°30′N 144°48′E / 13.5°N 144.8°E | |||
Kart som viser Guam.
| |||
Wikimedia Commons: Guam |
Guam (chamorro Guåhan) er ei øy i den vestlege delen av Stillehavet. Øya høyrer offisielt til USA og er anerkjent som eit territorium. Hovudstaden er Hagåtña, tidlegare Agana. Dei innfødde øybuane er chamorroane som fyrst kom til øya for rundt 3 500 år sidan.
Øya ligg nær den internasjonale datolina.
Guam har kanskje verdas største tettleik av slangar, heile 2 000 slangar per km². Dette grunna utilsikta innføring av Boiga irregularis frå Filippinane. Denne slangen har drepe mesteparten av dei lokale fuglane.